torsdag 17. februar 2011

Vinterkyss

Vinterkyss er ein film regissert av Sara Johnson. Denne filmen handlar i hovudsak om Victoria som er lege. Livet til Victoria blir snudd på hovudet da sonen hennar døyr. Ho gjør alt ho kan for å ikkje tenkje på hendinga, men eit nytt dødsfall i byen gjer dette vanskelig. Regissøren gir oss eit  nytt syn på livet vi sjeldent ser i det verkelege livet. Det er Victoria sine kjensler og sorg som står i sentrum i denne filmen.

Det som gjorde mest inntrykk på meg i filmen var korleis vi får djup kontakt med Victoria sine kjensler og korleis livet hennar var før sonen døyde i høve til korleis livet blei etter dødsfallet. Dette ga sterke inntrykk og viste korleis nokre menneske takle sorg.

Når det kjem til verkemidlet, er det musikken som gjorde størst inntrykk på meg. Det var lagt inn musikk som passet godt til handlinga og som var beskrivande. Eg likte denne filmen veldig godt. Den er sterk, men samtidig fin. Eg sitt igjen med ei blanding av sorg og varme. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar